Hopp til innhold

Nattsol

Nattsol

Om boka

Meir drama for Maja og Ilias

I «Nattsol» møter vi igjen Maja og Ilias frå «Soldagen».
Sist dei såg kvarandre var Ilias rasande på Maja.
Tør ho ta kontakt og spørje han om hjelp?
Situasjonen blir ikkje betre av at Maja har
misforstått kven som skal ha den tunge sekken
frå tante. Med eitt er ho og Ilias vikla inn i eit drama
langt til fjells.

«Nattsol» er tredje bok i serien På flukt.
Det går fint å lese «Nattsol» utan å ha lese
«Polarnatt» og «Soldagen» først.

Historia følgjer tett på Ilias og Maja,
og vekslar mellom dei to.

Spenninga ligg der heile tida i forholdet
mellom dei to unge, og bygger seg opp
gjennom dramaet dei må takle saman.

Mykje dialog gjer boka lett å lese,
og illustrasjonane tar oss med ut i naturen
og inn i situasjonane.

«Nattsol» er ein thriller som vil engasjere
lesarar frå mellomtrinnet og opp.

 

Utdrag fra boka

Ilias lyttar til susinga i trea. Var det ein kvist
som knakk?

Han lar auga gli frå tre til tre. Stammane er kvite
med svarte flekkar. Mellom trea ligg nokre store,
mosegrodde steinar. Det vil vere lett å skjule seg bak
dei steinane.

Han ser Maja snike seg langs veggen, Etter å ha
kikka inn vindauget ristar ho på hovudet. Ilias
peikar på seg sjølv og huset. Maja forstår og nikkar.
Ho og Atlas trekker seg tilbake mellom trea.
Ilias går raskt fram til døra, går på lyng og steinar for
å ikkje lage spor i gjørma. Døra glir lett opp.

Del av serien: På flukt

Antall sider: 103

Utgivelsesår: 2026

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: Bilder, Mye dialog

Sjanger: skjønnlitteratur, spenning

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234016318