Hopp til innhold

Leik med maten!

Leik med maten!

Forfatter: Ida Skivenes

Illustratør: Ida Skivenes

Tema: kropp og helse, mat

Alder: Barn, Ungdom, Voksne

Om boka

Steg for steg forklarar Ida Skivenes
korleis ho med enkle knep
leiker meir med maten.
Kvar oppskrift har sitt eige tema,
eller er inspirert av ordspel.
Her kan du finne brødskive-kopiar av kjende måleri
og eventyrlege frukoster med Rødhette og ulven,
Gullhår og dei tre bjørnane,
og Snøkvit og dei sju dvergane.
Du finn også små spalter med fakta og
fiffige kommentarar til kvart bilete.

 

Boka får pluss for lite tekst, luft mellom spaltene
og store, fine bilete.
Eit minus er at det dukkar opp nokon framandord innimellom.
Ida Skivenes (født 1984) går under namnet
idafrosk på Instagram.
Der legg ho ofte ut bilete av kreative frukostar.
Dette er første boka hennar.

Utdrag fra boka

Som barn fekk du sikkert høyre at du ikkje skulle leike med maten. Eg blei fortalt det same sjølv, men har tydelegvis ikkje tatt det med meg i vaksen alder. Foreldre er kanskje redde for søl, eller at leiken skal ta over for etinga. Det heng nok også i at ein før i tida skulle vere takknemleg berre ein fekk ete; mat var noko alvorleg som ikkje skulle fylle nokon annan funksjon enn å stille svolten. Men treng det vere slik i dag? Kan ikkje leik med maten vere ei hyllest til råvarene og alt det gode naturen gir oss?

Antall sider: 159

Utgivelsesår: 2013

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: mange bilder

Sjanger: faglitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252183801