Hopp til innhold

Kom i form med Yngvar

Kom i form med Yngvar

Forfatter: Liv Loftesnes, Yngvar Andersen

Illustratør: Morten Brun

Tema: idrett, kropp og helse, mat

Alder: Voksne

Om boka

Kom i form med Yngvar kan lesast og brukast av folk
som er heilt uvande med å trene, og heilt uvande med å lese.
Det er ikkje ei tung fagbok,
men ei praktisk og motiverande bok.
Språket er enkelt,
og boka er satt med ein font som er god å lese.
Det er mykje luft på sidane og mange bilete.
Bruk av bilete gjer det óg lett å forstå
korleis ein skal utføre øvingane,
noko som gjer liten risiko for skadar.
Sjølv for ein erfaren mosjonist kan dette være ei bok
som gjer økt motivasjon og fleire ideer til variasjon i treninga.
Mesteparten av teksten er på bokmål, men nokre kapittel er på nynorsk.

Utdrag fra boka

Det fins millionar av øvingar, treningsopplegg og treningsutstyr som lovar deg betre helse og ein sunnare kropp. Men kva skal du velje og korleis kjem du i gang? Der stoppar mange - og det er derfor eg har laga denne boka. Dette er mi løysing på korleis du skal komme i form. Eg veit at den funkar.

Her får du enkle og nøyaktige skildringar av korleis treninga skal utførast. Arenaen kan du sjølv bestemme - anten du føretrekkjer å trene heime, utandørs eller på treningssenteret ditt. Alt du treng, er eit par joggesko og ein lovnad ovenfor deg sjølv om at du verkelig vil dette.

Antall sider: 168

Utgivelsesår: 2011

Språk: bokmål, nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: mange bilder

Sjanger: faglitteratur

Forlag: Aschehoug

ISBN: 9788203239397

Lån boka på ditt bibliotek: