Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn

Om boka

Ei flott og annleis bok, både for blinde og sjåande born

I landet er det krig.
Ein blind gut startar på ein ny skule.
Guten forelskar seg i ei av jentene i klassen,
ho med dei mjuke augebryna.
Teksten står både i svartskrift og punktskrift.
Men til skilnad frå mange andre
bøker med følebilete
er ikkje språket eller innhaldet utprega enkelt.
Forfattar Bjørn Sortland
er omsett til mange språk
og vinn stadig prisar for bøkene sine.
Inger Lise Belsvik er ein av
dei beste illustratørane våre.

Utdrag fra boka

Eg skulle ønskt eg kunne gjera det igjen. Ta på ansiktet hennar.
Eg har det i hendene mine. Ho er den einaste eg veit om
i heile verda som har heilt perfekte, jamne, mjuke augebryn.
Eg tok sikkert alt for lenge på dei.
Men når ho skal få seg ein mann, så blir det ikkje meg.
Det kjem til å bli ein som Ivan, kanskje.