Hopp til innhold

Ikkje alle gjorde motstand under krigen

Ikkje alle gjorde motstand under krigen

Forfatter: Jon Hjørnevik

Tema: familie, humor, kjærlighet, kriger

Alder: Voksne

Om boka

Om dei store og små slaga i livet.
Det er krig og fred både i samlivet, i slekta og på bygda.
Kva hende då du vart fødd?
Kven var eigentleg far din?

Eit døme på at dikt ikkje treng vere triste og traurige.
Dette er ei samling med humoristiske dikt.

Det er eit dikt og eit gamalt fotografi på kvar side.
Det er nokre vanskelege, samansette ord.

 

Utdrag fra boka

Lyg til meg, Vigdis
Lyg til meg, Vigdis,
det tenner eg på.
Du lyg til meg, Vigdis,
Gud, du er rå.

Lyg til meg, Vigdis,
ikkje hald att.
Du lyg og fortel
om menn du har hatt.

Lyg til meg, Vigdis,
lyg, berre lyg.
Du lyg til meg, Vigdis,
og Gud, du er dryg.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 106

Utgivelsesår: 2018

Språk: Nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: dikt, skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252194463