Hundedagar

Om boka

Nydeleg oppvekstskildring

Hundedagar finn stad på spesielt varme seinsommardagar.
Folketru seier dette er ei tid då hundar vert galne og gamal grums flyt opp til overflata.
Grumset i denne boka er sjalusien og
einsemda som råkar hovudpersonen Anna.
Kva er Anna villig til å gjere for å vinne attende dei tette
banda til venninna? Då er erfaringa frå eigen utestenging raskt gløymd.

Dei enkle, finstemte og uttrykksfulle illustrasjonane skapar stort lesedriv.
Historia er bygd opp av korte episodar.
Handteksten er god å lese og står godt til
uttrykket i serien.