Hopp til innhold

Hør! 21 forteljingar om Eli

Hør! 21 forteljingar om Eli

Om boka

Eli er redd. Eli er tøff. Eli er trist. Eli vil vere åleine. Eli vil vere saman.

Hør! 21 forteljingar om Eli kan lesast som ein liten roman, eller som dikt, eller som små tekstar. Dei heng på eit vis i hop, men dei er fine å lese berre heilt enkeltvis også.

Alle tekstane handlar om Eli og kva ho ser, kva ho høyrer og kva ho opplever.

Dette er ei bok som er enkel å lese. Ho har stor skrift. Korte setningar. Ikkje mange vanskelege ord.

Utdrag fra boka

Dagane går.
Den store jenta ventar på Eli.
Den store jenta stenger for Eli.
Kvar dag etter skolen.
Jenta flirer.
Og Eli græt.
Kva skal Eli gjere?
Eg veit ikkje, tenkjer Eli.
Eg veit ikkje kva eg skal gjere.

Enda ein dag er Eli på heimveg.
Enda ein dag står den store jenta og ventar.
Enda ein dag står ho og flirer.
– Dritunge, seier den store jenta.
Og så skubber ho Eli.
Men da blir Eli plutselig sint.
Heilt forferdelig sint.

Antall sider: 160

Utgivelsesår: 2012

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: dikt, skjønnlitteratur

Forlag: Aschehoug

ISBN: 9788203254994

Lån boka på ditt bibliotek: