Hopp til innhold

Helga og Hugo

Helga og Hugo

Forfatter: Erna Osland

Illustratør: Inger Lise Belsvik

Tema: demens, kjærlighet, samliv

Tilpasset: Mennesker med demens

Alder: Eldre, Voksne

Om boka

Helga og Hugo har levd eit langt liv saman.

Minna er gode. Og kvardagane er framleis gode.

Men noko er i ferd med å skje.

Helga gløymer og går seg bort.

Hugo hjelper henne så godt han kan.
Men han spør seg sjølv: Kor lenge
kan han klare å ta vare på dei begge?

Helga og Hugo er ein liten roman med
vakre illustrasjonar og korte forteljingar frå
kvardagslivet. Skrivestilen er presis og poetisk.
Boka skildrar godt korleis det er å bli gammal,
og korleis livet kan endre seg når ein i familien
blir ramma av demens.

Utdrag fra boka

FRUKOST

Helga og Hugo. Og den herlege morgonstunda.
Kaffi og brød. Og slytetøy av bær dei har plukka i lag.

Blåbæra blir best heilt nedmed sjøen, tenker Hugo.
-Tenk at dei stod heilt nedmed sjøen, seier Helga.

Hugo må verkeleg sjå på henne. For nå sa ho det igjen,
det som han sat og tenkte. Ingen, ikkje noko menneske,
kjenner han slik hans eiga Helga gjer. Det er nok derfor
dei har hatt det så velsigna godt.

Men før han får sagt det til henne, seier ho:
-Så godt vi har hatt det, vi to!

Å ja, tenker Hugo, vi har hatt både storm og stille.
Men stormane er borte. Dagane er stille nå.

Støttet av: Leser søker bok

Boka er en del av: Bokpakke vår 2022

Antall sider: 81

Utgivelsesår: 2022

Språk: nynorsk

Forlag: Magikon

ISBN: 978-82-92863-89-3