Hopp til innhold

Frå Ragnar til alle

Frå Ragnar til alle

Forfatter: Ragnar Hovland

Tema: humor

Alder: Voksne

Om boka

Det er nett det forlaget Samlaget har gjort:
Mellom 2000 og 2009 sende Hovland
meir eller mindre viktige e-postar
til alle på Samlaget. Han var på den tida
forlagets litterære hovudkonsulent,
og hadde truleg behov for å uttrykkja seg.
Som ein jo gjerne har, når ein er forfattar.

 

E-postformatet er kjend for dei fleste,
og stort sett er ikkje e-postane lengre
enn at ein orkar å lese dei.
Noko forvirrande kan det vere at det av og til
dukkar opp ein tråd, og då må ein lesa
nedanfrå og opp for å skjøna meininga.
Som jo er motsett av vanleg lesing.
Boka har munnleg språk,
men nokon framandord sprett opp innimellom.

 

Boka kan nytjast som eit lite pusterom
frå eigen kvardag. Eller som ei studie
i forlagsverdas ulike utfordringar.
Ein slags rapport frå forlagets innside.
Eller som eit innblikk i Hovlands merkelege hovud.
Eller: Berre for kosens skuld.

 

Ragnar Hovland er forfattar, dramatikar, omsetjar og musikar.
Han debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar.
Hovland skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk.

 

Utdrag fra boka

Fra: Ragnar Hovland
Sendt: 4. april 2002 14:15
Til: Det Norske Samlaget
Emne: Kvifor har ingen tenkt på det før?

Eg trur mange frustrasjonar her på forlaget kan unngåast
dersom ein sender ut eit rundskriv til forfattarane
om at dei må skrive betre.
Deretter kan dei sende inn manusa sine.

Antall sider: 143

Utgivelsesår: 2013

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: faglitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252184129