Hopp til innhold

Flukta frå rekkehuset

Flukta frå rekkehuset

Forfatter: Jon Hjørnevik

Tema: humor

Alder: Voksne

Om boka

Det er eigentlig enkelt å flukte, men ikkje for alle.
Jon Hjørnevik har prøvd å flukte frå det meste her i livet,
mellom anna overbetalte, kjedelege jobbar,
fjerne slektningar som vert for nære,
snille kjærestar som vert for snille,
alt for kåte hundar
og godt isolerte rekkehus.  
 
I denne samlinga artige og upassande dikt
står rekkehuset som sjølve symbolet
på etablert liv.
Kven har ikkje hatt lyst til å flykte frå
ungar, stasjonsvogn og kjerring? 
 
Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar og komiker frå Voss.
Dette er den femte diktsamlinga hans.

Utdrag fra boka

BREV TIL DINE BRYST
Eg ser dine bryst,
ein herleg oase,
eit yndig blikkfang,
som fekk meg i ekstase.

Dine frodige bryst
som ein gong var mine,
men då sneipen kom,
ville augene grine.

Sneipen tok over
alt det eg hadde,
dine deilige bryst
eg minnest eg knadde.

Eg slepp ikkje lenger
til med mi lyst,
for vegen er stengt
fram til dine bryst.

No står eg i kø,
eg er annig og ilter,
mens sneipen drikk,
er smørblid og vilter.

Og når sneipen er ferdig,
er mine hender på veg,
men då er brystpumpa di
i vegen for meg.

Antall sider: 119

Utgivelsesår: 2011

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: dikt, skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 97882521773433