Feit. Mitt liv som tjukkas

Om boka

Ei ærleg, uredd og humoristisk forteljing
om forfattarens veg frå sjukeleg overvekt til normalvekt.
Eit innblikk i korleis det er å vere så feit
at folk glor og kviskrer.
Enkelte kjem med nedsettande og sårande kommentarer.
Fjellanger fortel korleis han kjempa mot skam og velmeinte råd
for å få den kroppen han ønskte seg.
Om alle spørsmåla han undra seg over.
Nokre av dei spurde han politikare om svaret på.
Det er ei lita bok med korte kapitlar og setningar.
Språket er enkelt.
Boka passar godt for uvande lesarar.

Utdrag fra boka

Eg er heilt jævla våt på ryggen. Eg ser meg sjølv i spegelen. Feitare enn eg var for nokre minutt sidan.
Eg er svolten. Så inn helvete svolten. Eg er aldri på gata. Aldri om eg skal bli sett gåande gatelangs tyggande på noko. Hadde eg ete på ein sjokolade, hadde dei tenkt: «Feite svinet, et sjokolade og blir enda feitare.» Et eg et eple, vil dei tenke: «Stakkars jævel, prøver å slanke seg, men er ein så feit er det jo berre en operasjon som kan hjelpe.»

A lagsgutar på rekke og rad. Slanke og lukkelege, med vakre koner og sjarmerande born. Eg er rasande på A-lagsguten fordi han er så forbanna lukkeleg, og rasande på meg sjølv fordi eg gjerne skulle ha vore A-lagsgut.