Fantasiblikket

Om boka

Petra har dysleksi

Ho hatar bøker og mistrivst i timene.
Ein dag kjem den mystiske Multi
rett inn gjennom vindauget hennar.
Det raraste er at han ikkje kallar dysleksi
for eit problem, men for ei gåve!
For Petra kan snu og vende på ting.
Ho kan nytte fantasien
til å oppdage det andre ikkje ser.
Det er nyttig for så mangt
– berre ikkje å lære bokstavar!
Boka er til oppmuntring for dei med dysleksi
og til opplysing for andre
som undrar seg over korleis det kan vere
at bokstavane kan danse rundt!
Boka har mange fine teikningar.

Utdrag fra boka

Petra hiv boka i veggen.
Ho orkar ikkje meir.
Ho kan eta.
Ho kan sova.
Ho kan leika.
Og ho likar å leika!
Ho kan sjå på TV.
Og ho kan sjå på skyene på himmelen.
Det likar ho òg godt.
Å sitja i vindauga og sjå ut.
Sjå korleis skyene er,
dinosaurar som vert kvalar som vert vikingar.