Er du blind i dag, Elise?

Om boka

Elise leikar at ho er blind.

Ho går heim og finn dei mørke solbrilla til bestefar,
og ein kvit blomsterpinne,
og let som ho er blind.

Det er kjekt å vere blind.
Ho får ti kroner til snop av ei gammal dame.
Ho går over vegen mange gonger,
og kvar gong må bilane stoppe.
Elise er trass alt blind.

Boka har stor skrift.
Korte setningar.
Mange avsnitt.
Korte kapitlar.
Og fine teikningar av Elise og turen til bestefar.

 

Utdrag fra boka

Lyden frå bilen blir sterkare.
Eg stikk blindestaven ut i lufta
og går sakte over dei kvite stripene.
Eg trur det er ein lastebil.
Han bremsar med kvin og tunge sukk
og stoppar heilt opp.

Å, det gjekk fint!
Så snart eg er komen opp på fortauet,
snur eg og ventar på neste bil.
Vente, vente, du stakkars blinde jente!