Hopp til innhold

Enno var dei kroppar

Enno var dei kroppar

Forfatter: Marit O. Kaldhol

Tema: flukt, katastrofer, konflikter

Alder: Voksne

Om boka

Noveller om menneske på flukt

Konfronterande novellesamling om menneske som
freistar å overleva i ei verd full av
politiske konfliktar og klima- og naturkriser.

Forfattaren bruker eit nøkternt og direkte språk
som tek oss tett på menneska, men lèt
òg lesaren forstå det som ikkje er direkte uttala.
Det er vanskeleg å ikkje bli rørt av all sorg,
smerte og uløyselege dilemma som desse menneska
opplever: Ei sjuk bestemor som må flykte
med barnebarna sine, foreldre som mistar barna sine,
barn som plutseleg er heilt åleine i verda.
Livet på flukt er fullt av sorg, smerte og uløyselege
dilemma, ukueleg vilje og håp.

Novellene har korte setningar og aktiv linjedeling.
Avsnitta er korte og språket er tydeleg og enkelt.

Utdrag fra boka

Gutungen slo armane rundt låret mitt.
– Ikkje gå, ropte han.
Yocasta greip straks tak i veslebroren.
– Bestemor går ikkje frå deg. Ho skal finne vatn.
Berre to dagar før hadde vi flykta frå heimen deira.
Gutungen sutra enno, han forstod ikkje
korfor mamma ikkje var med.
Eg kom meg bort til den vesle køen ved vasskranen.
Alle var i same ærend, på veg mot grensa i nord.
Her var ein open plass rundt kranen utanfor byen,
ein stad å kvile for natta, så fare vidare.

Antall sider: 185

Utgivelsesår: 2021

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234004544