Hopp til innhold

Ein heilt vanlig fyr

Ein heilt vanlig fyr

Forfatter: Rune Belsvik

Tema: ekteskap, familie, vennskap

Alder: Voksne

Om boka

Bernt er ein slags kamerat frå fortida.
Gjensynet tvingar fram spørsmål
rundt vennskap og kvardag, liv og død.
Ein heilt vanleg fyr er ei poetisk og lita bok
som gir rom for store tankar.
Rune Belsvik (født i 1956) er forfattar og dramatikar.
Han har skrive ei rekke bøker for barn og vaksne.
Belsvik har fått fleire prisar, både Kulturdepartementets litteraturpris
(for Dustefjerten) og Brageprisen (for Ein naken gut).

Utdrag fra boka

For tretten år sidan blei eg skild.
Det hende eg møtte Bernt på pøbben då.
Han var også nett blitt aleine.
Det var mange som var aleine på pøbben.
Vi hamna på nokre håplause nachspiel.
Eg vakna stundom sjuk av angst.
Det var eit mørkt, kaldt hol
i brystet mitt. Eit svart lite beist låg
og pusta der. Ein innelåst skygge. Ein svolt
etter kjærteikn. Ein hunger etter å bli tatt imot
og tålt. Eg kunne gått ut på gata
og gitt ti tusen kroner for ein klem.
Ja, eg tenkte det. Låg samankrøkt
under dyna og lurte på å gå ut og spørja
dei eg møtte. Men det kunne eg jo ikkje.
Tenk om alle sa nei. Eller verre:
Tenk om nokon sa ja.

Støttet av: Leser søker bok

Antall sider: 77

Utgivelsesår: 2013

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Cappelen Damm

ISBN: 9788202416935

Lån boka på ditt bibliotek: