Hopp til innhold

Ein alvorleg sjukdom

Ein alvorleg sjukdom

Om boka

Ei vakker og modig diktsamling om eit menneske i krise
Forfattaren tar oss med inn i
kvardagen til eit alvorleg sjukt menneske.
Vi følgjer ho frå fyrste besøk hos legen,
til dei upersonlege behandlingsromma og
heim til familien.

Teksten er usentimental og språket knapt.
Utan at dramaet og alvoret blir borte.
Snarare tvert om. Mellom linene dirrar det
av kjensler.

Boka har eit luftig oppsett. Dei fleste dikta
er korte og språket er konkret.
Nokre vanskelege ord.

Utdrag fra boka

Etter kvar viktige samtale med legen
skriv eg eit notat på mobilen
som eg kopierer og sender som tekstmelding
til alle som skal oppdaterast

Etter at Karin sender tilbake
ei melding om at ho elskar meg
blir eg nøydd til å be systrene
og foreldra mine
om å prøve å ha litt humor på det

Karin skriv:
litt (t)humor

 

Antall sider: 93

Utgivelsesår: 2021

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: Korte setninger, luftig layout, mange avsnitt

Sjanger: dikt

Forlag: Cappelen Damm

ISBN: 9788202670283