Hopp til innhold

Eg er mamma. Eg skal være god.

Eg er mamma. Eg skal være god.

Om boka

Tove Vik prøver å vere ei god mamma,
men mistar ofte kontrollen.
Ho drikk, er voldeleg, og utsett borna for omsorgssvikt.
Og ho er åleine.
Boka handlar om ei mor som ikkje trivast i rolla si,
og om kor prisgitt borna er foreldra.
Språket er presist
utan for mange unødige ord. Kapitlane er korte.
Dette er debutromanen til Kjersti Kollbotn.

Utdrag fra boka

Vi snakkar om skulen, og om alt det spennande som kan skje der. S snakkar om dei nye fine kleda ho skal ha på seg, dei som heng i skåpet. Med himmelen over oss blir det mindre trongt, det blir plass til å vere menneske, plass til å sjå stort på det, vi filar ikkje på kvarandre, vi gneg ikkje som rotter. På desse turane er eg trygg. Trygg på at kan vere eit menneske. Eit slikt som menneske skal vere.

Antall sider: 176

Utgivelsesår: 2009

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Cappelen Damm

ISBN: 9788204141941

Lån boka på ditt bibliotek: