Hopp til innhold

Du er her igjen og alt er forandra

Du er her igjen og alt er forandra

Forfatter: Gaute M. Sortland

Tema: humor

Alder: Voksne

Om boka

Ein forsmådd mann, ein livsnytar, ein sokneprest,
ein (potensiell) øksemordar,
ein som kan drepe med blikket, og ein fyllekøyrar.
Desse er blant personene vi møter i denne korta boka.
Felles for dei er at dei opplever at livet plutseleg har endra seg.
Anten det dreier seg om eit kjærleiksforhald er gått i stykker,
eller oppbrudd frå ein plass.
Sortland skriv med mykje absurd humor.
Han lèt òg forteljingane endre seg med årstidene.
Det er mange overraskande vendingar undervegs.
Ofte kan den siste setningen vere avgjerande.
Forfattaren beherskar godt det korte formatet,
språket er knapt og presist, linjene få,
og det unødvendige er skrelt bort.
Likevel sitter dei korte tekstene i lenge etter at dei er lese.

Utdrag fra boka

Miranda ringte meg og fortalde at ho aldri ville sjå
meg igjen. Eg var på veg til stasjonen for å hente ho då
telefonen ringte. Den helgeturen ho hadde hatt til Bergen,
kom til å bli utvida, sa ho.
- Kanskje for alltid!
Eg satt i bilden og fekk lyst til å rope i røyret at eg
skulle ta meg saman viss det var det det stod på, men
så kom eg på at eg hadde tatt meg saman meir enn
godt var i det siste. Eg hadde endåtil stroke dongeri-
buksene mine for å gjere eit ekstra godt inntrykk.

Antall sider: 97

Utgivelsesår: 2011

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252178104

Lån boka på ditt bibliotek: