Hopp til innhold

Di første leseløve

Di første leseløve

Om boka

Di første leseløve inneheld tre korte forteljingar: Løgna om Jippi, Slik vart Otto Monster til og Kompisar

Janna får ein hundevalp, men den skal leverast tilbake etter eitt år. Den skal nemleg bli ein førarhund for dei som er blinde. Janna vil ikkje at valpen skal leverast tilbake og gjer noko ho ikkje burde gjort.

Otto Monster lurer på korleis han vart til. Han spør bror sin. Han spør syster si. Han spør far sin. Alle svarar som dei skulle vore galne, som jo monster er. Så spør han endeleg mor si.

Kompisar handlar om Tom. Og litt om Nils. Og om korleis Tom er tøff, for han er ikkje redd for nokon ting. Dei andre er litt redd for Tom. Så byrjar Nils i klassen. Han er ikkje redd for Tom, og det likar ikkje Tom.

Alle forteljingane er skrivne med store bokstavar (VERSALAR). Dei er stort sett enkle å lese. Otto Monster har litt fleire vanskelege og samansette ord enn dei to andre. Alle forteljingane har korte setningar og ein god del dialog.

 

 

Utdrag fra boka

"VEIT DU KVA NAMNET DITT ER
BAKLENGS?" SPURDE TOM.
"HÆ?" SA NILS.
"DET BLIR SLIM," SA TOM.
"KAN DU IKKJE LESE?" SPURDE NILS.
"EG LES BETRE ENN DU," SVARTE TOM.
"DU ER TØFFARE BAKLENGS ENN
FRAMLENGS," SA NILS.
"HÆ?" SA TOM.
"BAKLENGS HAR DU MOT, FRAMLENGS
ER DU BERRE TOM!" SA NILS.
"SLIM," SA TOM.
"FEIL, DET BLIR SLIN BAKLENGS," SA
NILS, OG ALLE LO SOM VANLEG.

Del av serien: Min første leseløve

Antall sider: 54

Utgivelsesår: 2004

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: bilder

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Damm

ISBN: 9788204101693