Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz

Om boka

To søstrer, Jenny og Solrun,
veks opp saman med
mamma og bestefar Olvar.
Dei leikar på stranda og i skogen.
Men noko plagar storesøster Solrun.
Noko som trekk henne ut og vekk.
Inn til dop og plutselege endringar.
Når mora døyr, må Jenny vere sterk,
ta ansvar, vise omsyn.
Men kven skal ha omsyn for Jenny?
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz
er ein kort og intens roman.
Mellom skildringane av året etter moras død,
får vi glimt frå barndommen
og draumen om det som skulle vere.
Boka har korte kapitlar
og ganske enkel tekst.
Marit Kaldhol har skrive
mange bøker for vaksne og barn.
Ho fekk Samlagsprisen i 2001.
I Boksøk finn du fleire bøker
av Marit Kaldhol.

Utdrag fra boka

Døra small i.
Du var der.
Du var komen inn i gangen.
Noko velta. Du banna.
Eg venta. Ville gi deg tid.
Lytta.
Ein augeblikk heilt stilt. Så roping, skjenning, meir
banning.