Den vanskelege andreboka

Om boka

Gjennom humor og tøys med temaer som NM i blomsterdekor,
lydlyrikk som «Eg er dokter som lyttar»
eller bygdelyrikk som i «Bøn mot bygdeforbannelsen»
forsøker han å nå fram til lesaren. 
 
Mange av dikta har lesaroppgåver der ein til dømes
blir utfordra til å lese dikt høgt på bussen
eller gå inn i ein bokhandel
og flytte diktsamlinga til utstillingsvindauget.
 
Boka har festlege illustrasjonar.

Utdrag fra boka

VM i altfor stor bakke

Det var VM i Sveits
i altfor stor bakke,
men me som var med,
må sårt ta til takke
med rykte og skrøner
om kven som vann,
me var åtti som hoppa,
og alle forsvann.