Den andre søstera

Om boka

Selma og familien arvar eit gamalt hus
Snart høyrer Selma merkelege lydar
og rare ting skjer.

Mora er alltid på jobb og storesystera er ute om kveldane.
Selma tør ikkje vere heime aleine.
Ho går heller ut i hagen og gøymer seg i epletreet.

Ein dag kjem ei jente opp frå dalen bak huset.
Kven er ho eigentleg?
Kva vil ho med Selma?
Og kva er det mora til Selma ikkje fortel?

Boka har korte kapitlar, korte setningar og mykje luft.
Ho har få og tydelege karakterer.

Utdrag fra boka

Då høyrer eg det.

Ei dør opnar seg og blir lukka igjen.
Hengslene på døra klagar.
Eg kjenner att den lyden.
Det er døra til mitt rom!
Nokon går over golvet.
Ein tung og stor person.
Så skritt ned trappa.
Eg klarer mest ikkje røre meg!
Trappa liksom sukkar og grin.
Trinn for trinn nærmar skritta seg.