Brevet frå havet

Om boka

Om natten drøymer han at ei prinsesse
frå ein holme ute i havet har skrive det mystiske brevet.
Men korleis skal han klare å tyde det?
  
Mannen dreg på biblioteket
på leit etter dei framande bokstavane.
Men dei var berre i hovudet hans,
og skein enda sterkare enn før.
 
Tilslutt i rein frustrasjon, 
bestemmer han seg for å sjølv skrive eit brev.
Brevet puttar han i flaska og slenger ho på havet. 
Snart kjem det att eit nytt brev.
Men no er ikkje bokstavane så framande lenger…  
  
Erna Osland og Akin Duzakin
har skapt eit vakkert eventyr
om underet det er å begynne å forstå eit nytt språk.

Brevet frå havet har lite tekst,
og er skrive med eit enkelt språk.  
 
«teksten er enkel å forstå for mer voksne lesere
som er nye i det norske språket, og de vil kunne kjenne seg igjen i og nyte Brevet frå havet.»
 
– Anita M. Celius Lund, Barnebokkritikk, 9. februar 2011 

Utdrag fra boka

Ein kveld mannen hadde lagt seg,
banka det på.
Forundra opna han døra.
Der stod flaska.
Med eit brev.
Han skalv så han mest ikkje fekk korken av.
Han skalv og smilte.
For da bokstavane kom til syne,
var dei ikkje framande lenger.
Han kjende dei igjen!
Han kjende dei godt igjen!
Kven var det som hadde komme med dei?