Hopp til innhold

Blå flaggermus

Blå flaggermus

Om boka

Sander har sommarferie. Han og vennen Tomas har mange planar.
Men alt blir ikkje som Sander har tenkt.
Høna han har kjøpt legg ikkje så mange egg. Han liker ikkje
mannen som besøk mora heile tida. Tomas reiser på ferie.
Sander blir heime i Slummen, med den uoppnåelege
draumen om eigen mobil og dei to mobbarane Erik og Ivan.

Boka har korte kapittel. Innhaldet er alvorleg,
men òg litt morosamt. Det er nokre ord på engelsk,
til dømes room service og smart phone.

Utdrag fra boka

Pannekaker av økologiske egg frå eigne høner er utruleg gode.
Mens vi åt, fekk vi businesstips av pappaen til Tomas.
Han meinte at vi alltid måtte starte med høg pris for egga,
og så slå av litt. Om du først vil ha fire kroner, og etterpå
går opp til fem, synest folk at fem kroner er dyrt.
Men om du først seier seks, og så går ned til fem,
synest folk at fem kroner er billeg.

"Og ver alltid kjekk og høfleg", sa pappaen til Tomas.
"Snakk med kunden, bli venner. Sei at desse spesielt gode
kvalitetsegga eigentleg kostar sju kroner. Og så smiler du lurt,
lener deg fram mot kunden, senkar stemma og seier at for deg
kostar dei berre seks. Og kjøper du ti, kan du seie,
så skal du få eitt gratis!"

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 136

Utgivelsesår: 2019

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234000317

Lån boka på ditt bibliotek: