Berre venner – Listig plan

Om boka

Kva skjer då Sjur gjer det slutt med Hanna? Skal dei ikkje gjere nokon ting i lag lenger?

Berre venner og Listig plan er to bøker i eitt: To forteljingar om Hanna og Emma. Den fyrste er Berre venner. Her kan du lese om kor stille og vondt alt blir då Sjur gjer det slutt. Kor vondt det er å sjå at han sit saman med Emma på ein benk i parken. Og kor fint det er med vener når det gjer som vondast.

Listig plan handlar om kor lett det er at noko ikkje går heilt som planlagt. Hanna og Emma vil hemna seg på Silje, for Silje seier så stygge ting om dei. Men dei hamnar sjølv i ei knipe.

Begge forteljingane er lette og spanande å lase. Boka har ganske stor skrift, ein god del dialog, korte kapitlar. Nokre framandord innimellom.

 

 

 

 

Utdrag fra boka

Frå Berre venner: 
Stille snik eg meg inn i parken. Gøymer meg
bak trea.
Først legg eg ikkje merke til dei.
Så oppdagar eg kor dei er.
Dei sit på den kvite benken nede ved
dammen.

Frå Listig plan:
Nils har ikkje lås på naustet sitt, berre ei slå
på utsida. Det er dritenkelt å koma seg inn.
Viss han oppdagar at nokon har snike seg inn, blir han rasande, men han er der nesten aldri.