Hopp til innhold

Avlyst på grunn av sorg

Avlyst på grunn av sorg

Om boka

Kjærasten til Eline slår opp med henne
berre nokre dagar før ho skal feira 16-årsdagen sin.
Eline blir knust. Ho avlyser festen og graver seg
ned i sorga.

Det skal vera audition for skulens musical-oppsetting
og Eline går dit. Det gjer òg den nye kjærasten
til Jonas. Livet blir brått vanskeleg og vondt, men
ein dag ho går i skogen med alle dei vonde tankane
sine treffar Eline på ein gut.

Dette er ei spanande bok om kjærleik, sorg og
vennskap. Boka har korte kapittel, eit aktivt språk
og mykje dialog. Nokre vanskelege ord og lange
setningar.

Utdrag fra boka

Himmelen over meg var blå, men likevel var det som
om stigen framfor meg og heile landskapet rundt forsvann
i ei grautete tåke. Var eg i ferd med å bli blind?
Alle lydar var også borte, verda var skummelt stille.
Men beina mine jobba seg vidare, vidare.

Brått snubla eg i ein stein som låg idiotisk til midt på
stigen, eg ramla framover, men klarte å ta meg for i ei
grein.

Kor lenge eg gjekk, har eg inga aning om, tida var heilt
borte for meg. Men ei setning forfølgde meg.

"Eg har vorte saman med ei anna." Berre dei orda. Som
henta frå ein dum, klissete roman.

Antall sider: 151

Utgivelsesår: 2019

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: korte kapitler, Mye dialog

Sjanger: kjærlighet, romaner

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252198881

Lån boka på ditt bibliotek: