Ein morosam bok om då Tullevik fekk besøk av ein kjendis.
Mo går i skogen.
Der høyrer han nokon som skrik etter hjelp.
I ei grop ligg kjendisen.
Han kjem seg ikkje opp.
Men Mo vil heller vise fram kjendisen til Unn, enn å hjelpe han.
Boka har korte setningar.
Enkelt språk.
Historia er både morosam og spennande.
"Kast ned den telefonen!" sa han.
"Vil du synga ein song først?" sa Mo.
"Er du frekk?" sa kjendisen.
"Vi slepp ikkje inn på konserten," sa Mo.
"Den er berre for vaksne."
"Får eg telefonen etterpå?" sa kjendisen.
"Ja, då får du han."
Del av serien: Leseløve
Forlag: Cappelen Damm
ISBN: 9788202451257