Om boka
Forfattaren har nok ein gong dykka djupt
i arkivet til Nasjonalbiblioteket
og koplar gamle bilete med friske tekstar.
Her kjem deira heile og fulle meining endeleg fram!
Korleis ser folk vanlegvis ut i fjeset,
første gongen dei kjem til Harstad?
Kva koplar øl og trompet saman?
Levande varde i Lom har korte enkle tekstar,
som passar for folk med absurd humor
og kjærleik til det rare.
Denne boka held fram i same spor som bøkene
Redlight Setesdal og Dei likar ikkje grovisar i Rotary.
Utdrag fra boka
Robert sleit med mykje her i verda.
Ikkje eingong det å entra ein sovepose
gjekk av seg sjølv.