Eg er heilt jævla våt på ryggen. Eg ser meg sjølv i spegelen. Feitare enn eg var for nokre minutt sidan.
Eg er svolten. Så inn helvete svolten. Eg er aldri på gata. Aldri om eg skal bli sett gåande gatelangs tyggande på noko. Hadde eg ete på ein sjokolade, hadde dei tenkt: "Feite svinet, et sjokolade og blir enda feitare." Et eg et eple, vil dei tenke: "Stakkars jævel, prøver å slanke seg, men er ein så feit er det jo berre en operasjon som kan hjelpe."
A lagsgutar på rekke og rad. Slanke og lukkelege, med vakre koner og sjarmerande born. Eg er rasande på A-lagsguten fordi han er så forbanna lukkeleg, og rasande på meg sjølv fordi eg gjerne skulle ha vore A-lagsgut.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: faglitteratur
Forlag: Manifest
ISBN: 9788292866207