Skandale i skitrekket
Katastrofedagbøkene 2
Forfatter: Anders Totland
Illustratør: Bård Sletvold Torkildsen
Tema: humor, ski, slalom, spenning, vennskap
Alder: Småtrinnet, Mellomtrinnet
Samson i svart løype
To veker utan ein einaste katastrofe, det er ny rekord for Samson.
No skal Alva, Samson og resten av klassa på tur. Tre heile dagar uten foreldre, to dagar med slalåm og ein heil haug med moro. Dei gler seg!
Samson har aldri stått på slalåm før, berre gått langrenn. Alva er skikkeleg god og kan gje han nokre tips før dei set utfor. For kor vanskeleg kan det eigentleg vere? Det er vel berre å suse ned bakkane og ta heisen opp att?
Allereie på bussen vert det trøbbel for Samson. Litt for mykje ostepop og nokre svingete vegar fører til ei lita katastrofe. Alva vert lei seg og vil ikkje snakke med Samson. No må han gjere det godt igjen. Men først må han finne ut korleis han skal kome seg ned frå fjellet, utan hjelp frå Alva.
«Skandale i skitrekket» er ei morosam forteljing full av fart og uventa hendingar. Dette er andre bok i serien «Katastrofedagbøkene».
Boka har korte kapittel, få karakterar, luftig layout og godt driv!
«Skandale i skitrekket» egner seg godt for lesarar på småtrinnet og dei yngste på mellomtrinnet.
Og her kom eg!
Eg kjende korleis farten auka, og festa
blikket mot bakken. Det var mykje brattare
enn eg hadde tenkt. Og veldig mykje
lengre ned enn eg nokon gang hadde stått i
langrennsløypa.
Under meg glei skia raskare og raskare mot
den harde snøen.
Men ….
Kor var Lars Joachim og Connor?
Ei ekkel kribling spreidde seg utover i
kroppen då eg såg dei to klassekameratane
mine eit stykke ut til sida. Dei sto heilt
stille ved kanten av ei markert løype og stira
forskrekka på meg der eg suste nedover
bakken.
Kva var det Lars Joachim hadde sagt? Det
var noko om å svinge i starten. Noko om ei
svart løype.
Dette kunne umogleg vera bra. Eg måtte
komma meg bort til dei andre før det var for
seint.
Serie: Katastrofedagbøkene
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: Bilder, Få karakterer, Korte kapitler, Luftig layout, Mye dialog
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234017582