Hopp til innhold

Hamstertrøbbel

Hamstertrøbbel

Om boka

Redd hamsteren

Samson er ni år. Han havner ofte i trøbbel. Nokon gonger ler folk og syns han er ein artig rakkar. Andre gonger vert det katastrofe, som da han lurte søstera Kim til å tru at klassen hennar skulle ha pysjamasparty og ikkje ein heilt vanleg fest.

Faren deira er allergisk mot alt, men no skal Kim allikevel få den beste bursdagsgåve i verda. Ein hamster! Ho kallar han Svein Arild.

Samson har invitert bestevenen Alva til å leike med hamsteren etter skulen. Dei snik seg inn på rommet til Kim, utan lov. Men hamsteren ligg heilt stille i buret. Kva har skjedd og kva skal dei gjera?

 

«Hamstertrøbbel» er en spennande og morosam forteljing full av fart og uventa hendingar. Dette er fyrste bok i serien «Katastrofedagbøkene».

Boka har korte kapittel, få karakterar, luftig layout og godt driv!

«Hamstertrøbbel» egner seg godt for lesarar på småtrinnet og dei yngste på mellomtrinnet.

 

Utdrag fra boka

– Kan eg få halde han? spurde Alva.
Eg helt han forsiktig vekk frå meg og la
han i hendene til Alva. Svein Arild gjorde
framleis ingenting.
– Er det meininga at han skal vera så …

stille?
– Eg veit ikkje, sa eg.
Alva sette seg i senga til Kim og la Svein
Arild i fanget.
Men framleis reagerte han ikkje.

Ho strauk han over hovudet og tok forsiktig
på labbane hans.
Ingen reaksjon.
Ho blåste forsiktig i ansiktet hans.
Men ingenting skjedde.
– Eg kan ikkje kjenna at han pustar, sa
Alva.
Det rann ei tåre nedover kinne hennar. I det
eg forsto kva ho tenkte, kjende eg korleis det
pressa i brystet.
– Trur du …?
Eg klarte ikkje å seia resten av orda.
Alva nikka.
Til slutt sa ho det.
– Eg trur han er død.

Del av serien: Katastrofedagbøkene

Antall sider: 122

Utgivelsesår: 2026

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234017575