Hopp til innhold

Sytten, snart atten

Sytten, snart atten

Om boka

Mia er 17 år og har nyleg flytta til Oslo. Ho og venninna Karla skulle byrje på same vidaregåande skule, men dei kom ikkje i same klasse. Mia trivst ikkje, og til slutt droppar ho ut. Tanta til Karla finn ei løysing, og Mia byrjar som ringevikar i ein barnehage. På fritida skriv ho dikt.

På Tinder møter ho ein mann som er mykje eldre enn henne. Han er kjekk, morosam og spennande – annleis enn gutane ho kjenner frå før. Mia kjenner seg sett, og blir fascinert. Han spør tidleg om ho vil flytte inn hos han. Mia føler seg vaksen når dei drar på IKEA saman, og spesiell når han diskar opp med champagne og firerettars middag og seier at ho er berre hans.

Men er alt han seier sant? Etter kvart oppdagar Mia at han ikkje er den ho trudde. Korleis kjem ein seg ut av eit destruktivt forhold – når det som først kjendest som kjærleik, har blitt noko heilt anna?

«Sytten, snart atten» er ei innsiktsfull bok som skildrar korleis psykisk vald kan arte seg i nære forhold.

Boka har korte kapittel, få og tydelege karakterar, mykje dialog og stort lesedriv. Boka har nokre lange setningar.

 

Utdrag fra boka

Det er som om han har eit nytt drag over andletet dagen
etter då vi sit ved frukostbordet og drikk kaffi. Vi skrol-
lar på kvar vår mobil og seier ikkje så mykje. Er han sur
for noko? Han er heilt fjern i blikket og har berre auge
for mobilen. Det plingar i mobilen i ett køyr. Eg spør
kven han melder med. Han svarer ikkje. Eg spør litt om
jula i staden.
«Korleis hadde du det julekvelden? Var det koselig
med dei heimlause? Eller … kanskje ikkje koselig, men
givande? Og kva med nyttår? Vart det fest?».
Då han framleis ikkje seier noko, reiser eg meg og går
bort til han. Legg armane på skuldrene hans og kyssar
han på hovudet. Då er det som han får støyt. Han slen-
ger mobilen sin på bordet med skjermen ned.
«Kva faen gjer du?»
«Hæ?»
«Du skremmer meg. Herregud.»
«Unnskyld», seier eg. «Men du svarte ikkje på det eg
spurde om.»
«Men for faen, Mia. Må du prate i eitt slitande køyr?»
«Kven melder du med?
«Folk. Det har ikkje du noko med.»
«Har du framleis Tinder?» spør eg overraska då han
tek opp mobilen att. Appen ligg på heimskjermen hans.
«Har gløymt å slette han.»
«Ok?»
«Trur du meg ikkje, eller?»
Noko i meg har lyst til å svare nei. Spørje kvifor han
ikkje bryr seg. Og kvar er den julegåva eg skulle få? Var
det aldri noka gåve? Eg smør meg ei skive med prim,
men orkar ikkje ete meir enn to bitar. Ryddar stille bort
asjetten og koppen, går inn på soverommet og dreg fram
skriveboka. Set håret opp i hestehale og pustar stille ut,
forsvinn inn i mi eiga boble og stengar alt anna ute.

Antall sider: 163

Utgivelsesår: 2025

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234009198