Glad i deg

Om boka

Dette er ei bok for den som kan gle seg
over det som skjer her og no,
men også for den som hugsar
dagen for 30 år sidan betre
enn dagen i går.
Saman med fotografia kan teksten
lokke fram minne og draumar
om det å vere glad i nokon.
 
Odveig Klyve (f. 1954) er busett i Stavanger.
Hennar første diktsamling kom i 1993,
dette er hennar sjuande.
Klyve har også skrive barnebøker og
hatt regi på fleire kortfilmar som har vore vist
på internasjonale filmfestivalar i  Europa, USA og India.

Boka er rikt illustrert
med klare og varme fotografi
av Tove Elin Berg (f. 1962).

Utdrag fra boka

Eg er glad i deg når det er morgon
Glad i deg når det er kveld

Eg er glad i deg når himlen mørknar
Og når skyer blir til eld