Hopp til innhold

Vegen heim frå Sarajevo

Vegen heim frå Sarajevo

Forfatter: Rønnaug Kleiva

Tema: ferie, geografi, reiser

Alder: Ungdom, Voksne

Om boka

Ho ville vekk frå alt og alle. Når ho tenkjer tilbake,
får vi høyre kvifor.
Susi reiser utan plan og med kaotiske tankar.
Medan ho er borte får ho rydda litt i eige hovud.
Det er ei fin opprydding å vera med på.
Boka har mykje luft og korte avsnitt.
Kapitla har talande namn som fortel kva som skjer.
Til dømes: Eg må ha ringt mor mi i fylla
eller Når det er natt, byrjar ein å tenkje.
Rønnaug Kleiva (f.1951) har gitt ut
ei rekkje bøker for barn og unge.
I 1997 fekk ho Kritikarprisen for
Ikkje gløym å klappe katten.
Ho har og vore nominert til UPrisen
for boka Andre sida av Paris (2007).
Vegen heim frå Sarajevo
er ein fri oppfølgjar til denne.

Utdrag fra boka

Eg reiste hit fordi det var det eg ville akkurat då. Eg
gjekk inn på nettet og leita etter billettar med det same
eg vakna om morgonen. Eg tenkte: Eg må vekk. Eg laga
meg kaffi. Eg tenkte: Eg tar det første flyet herifrå. Men
til overkomeleg pris. Litt vett i skallen har eg jo.
Eg la igjen ei lapp til mor mi. Eg skreiv at ho ikkje
skulle engste seg, eg stakk ikkje av.

Antall sider: 99

Utgivelsesår: 2009

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252175189

Lån boka på ditt bibliotek: