Om boka

Hest, hest, tiger, tiger, seier dei i Kina,
når noko berre er sånn passe.
Det lærer ungjenta Honey ein dag ho blir med i ein kinesisk-time.
Honey kjem oppi fleire uventa situasjonar.

Boka er ikkje tjukk. Berre fin. Og morosam og trist.

Kvar side har mykje tekst, men kapitlane er korte.
Boka kan vere god for dei som ikkje har tid til å lese.

 

Utdrag fra boka

Det var ein skikkeleg møkkadag. Aller først ein kvelande biltur. Mor røykjer alltid når ho køyrer bil.
Ho påstår at ho køyrer sikrare på den måten. Og denne morgonen ville ho openbert vere ekstra sikker på vegen –
likeglad med at Mikala og eg hang hostande og harkande ut av kvart vårt vindauge i baksetet.