Hopp til innhold

Bebe 3 – Den einaste som veit

Bebe 3 – Den einaste som veit

Om boka

Bebe er den einaste som veit om det fryktelege.
Samstundes som venninna lid,
hender gode ting i livet til Bebe.
Korleis skal ein balansere sorg og glede?
Den tredje boka om Bebe er spennande, lita og luftig.
Bente Bratlund (født i 1952) er forfattar
og har gitt ut ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne.

Utdrag fra boka

Du må snakke med mor di, seier eg.
Stemma mi skjelv.
- Du er berre nøydd til å snakka med henne no.
Sara snur seg mot meg.
- Eg kan ikkje.
- Du må!
Eg held blikket hennar.
- Eg meiner det, Sara.
Eg er streng i stemma. Det er alvor. Verkeleg alvor.
- Og du må berre ta den testen.
Sara skjelv om munnen.
- Gi meg nokre dagar til, Bebe. Ver så snill.
Ho legg hovudet mot knea. Gøymer andletet sitt.

Støttet av: Leser søker bok

Del av serien: Bebe

Antall sider: 56

Utgivelsesår: 2013

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Mangschou

ISBN: 9788282380614

Lån boka på ditt bibliotek: